Kvifor treng me kritikk av islam?

Kritikk handlar om å ta tak i dei ekstreme sidene ved ein religion, skriv Brynhild Grødeland Winther. (Foto: Faseeh Fawaz.)
Kritikk handlar om å ta tak i dei ekstreme sidene ved ein religion, skriv Brynhild Grødeland Winther. (Foto: Faseeh Fawaz.)
Kanskje kunne integreringa blitt meir vellykka om ein allereie på barneskulen underviste i karikaturteikning og ytringsfridom, slik at ein unngår at folk feiltolkar kritikk og kallar det hat, rasisme eller fobi, skriv Brynhild Grødeland Winther.
Sjanger Dette er et debattinnlegg. Meninger og analyser er av skribentens egne.
Saken er Religionskritikk er ein viktig del av ytringsfridommen.

Å vekse opp i eit konservativt kristent miljø gjer at eg av rein refleks støttar all religionskritikk. Kritikk er generelt viktig for å utvikle seg til ei betre utgåve av seg sjølv, og for å vere ein velfungerande del av samfunnet.

Kritikk må òg kome frå utsida, for andre ser ting ein ikkje ser sjølv. Det gjeld både personleg kritikk, og religionskritikk. Om kritikken berre skal utøvast av folk med «riktige retoriske ferdigheitar», blir ytringsfridom eit klasse-fenomen, kor berre dei med «riktig dannelse» blir inkludert i ordskiftet.

Spisse ord kan stikke hol på ting som ulmar under overflata, ting som kan bli betent om det ikkje får luft. Anten ein likar det eller ei har òg Sian rett til å ta del i ytringsfridommen.

Les også: Er dette tiden for å begynne å snakke om giftig femininitet? 

Annonse

Kritikk utgjer ingen trussel

Samtidig jobbar Organisasjonen av Den Islamske Konferanse (OIC) inn mot FN for å få islamkritikk definert som «rasisme» eller «fobi». Ein slik sjukeleggjering bidreg til å heve religionen over kritikk. Slik kan ekstremistar uhindra halde fram med å bryte menneskerettigheitar, undertrykke kvinner og homofile, samt meir alment synlege ting som til dømes fatwaen mot Salman Rushdie.

Kritikk handlar om å ta tak i dei ekstreme sidene ved ein religion. Kritikk utgjer ingen trussel mot religionsfridom eller enkeltindividet. Eit barn som aldri får kritikk for negativ adferd, vil mest sannsynleg vekse opp og bli ein tyrannisk faen. Ein kan kanskje sei det same om ein religion som blir heva over kritikk?

Ein må kanskje sjå dei negative sidene ved religion, for å forstå viktigheita av kritikk frå utsida. Eg ser det som viktig å støtte retten til ytringar som til dømes koran-brenning. Eg ser det òg som viktig å støtte personar med religiøs bakgrunn, som kjemper for å kunne leve og ytre seg fritt som blant andre Ayaan Hirsi Ali, Maryam Namazie, Chahla Chafiq, Ibn Warraq, Amal Aden og Lily Bandehy.

Les også: Dette viser hvorfor integrering er en feilet strategi

Karikaturteikning og ytringsfridom på barneskulen

Ved kritikk, open diskusjon og ytringsfridom får ein meir forståing for både eigne, og andre sine meiningar og haldningar. Det finst heller ikkje ytringsfridom om ein ikkje inkluderer ting som strid mot det ein sjølv står for. Og det er kanskje der orda blir stengt inne, at volden tek over?

Responsen på Rasmus Paludan si koranbrenning i Sverige viser at ein har feila å integrere muslimar. Kanskje kunne integreringa blitt meir vellykka om ein allereie på barneskulen underviste i karikaturteikning og ytringsfridom, slik at ein unngår at folk feiltolkar kritikk og kallar det hat, rasisme eller fobi?

Liker du det du leser?

Da kommer du til å elske Subjekt Pluss!
Det er ingen bindingstid.

Bli abonnent!
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de er uredde og dedikerte i dekningen av kunst og kultur. Leser jeg Subjekt, vet jeg hva som skjer.


Trine Skei Grande
Tidl. kulturminister (V)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar opp ting jeg ikke visste at jeg var interessert i. Dessuten er det et nydelig sted å holde seg oppdatert på hva som foregår i kulturnorge.


Jonis Josef
Komiker
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de tar samtiden på pulsen, våger å utfordre kulturlivets indre maktkonstellasjoner og dermed til gagns viser at heller ikke kultur er noen søndagsskole.


Agnes Moxnes
Presseveteran
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi jeg ble rasende hver gang de sakene jeg ville lese var bak betalingsmur. Som abonnent ble jeg kvitt det raseriet, men ble til gjengjeld rammet av et nytt raseri. Over norsk kulturliv.


Harald Eia
Sosiolog
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har vist en sjokkerende evne til å være først på ballen med nyheter i mange av de viktigste og mest brennbare kulturpolitiske debattene i vår tid.


Mímir Kristjánsson
Stortingsrepresentant (R)
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi avisen tar opp mange interessante temaer, og som leser får jeg bedre innblikk i hva som skjer på kunst- og kulturfeltet.


Sarah Gaulin
Generalsekretær i LIM
– Jeg abonnerer på Subjekt fordi de har utviklet seg til å bli en kulturaktør å regne med. Avisen holder deg oppdatert på kulturfeltet, og er en verdifull kanal for publisering.


Janne Wilberg
Oslos byantikvar