Riksteatret Annonsør

Riksteatret er heile landet sitt teater. Vi er til for at folk i heile landet skal ha tilgang til scenekunst av høg kvalitet – same kor i landet dei bur. Riksteatret speler i dag på 74 kulturhus over heile landet. I løpet av eitt år sender vi ut 10 til 12 teaterproduksjonar på turné og har om lag 400 framsyningar for 150 000 – 200 000 tilskodarar. Framsyningane til Riksteatret er store, påkosta produksjonar som vert spelt i fullskalaformat i kulturhusa på kveldstid. Når turnégjengen kjem til ein ny spelestad, vert alt det tekniske utstyret bore ut av turnébussen og inn i kulturhuset. I løpet av nokre få timar har den tekniske staben til Riksteatret bygd opp dekorasjonen og rigga lys- og lydanlegg. Dei har hengt opp og klargjort kostymane for kvelden og gjort seg kjent med dei lokale tilhøva for å sørge for at tilskodarane får ei best mogleg oppleving av framsyninga. Vi speler éin dag på kvar plass – seks dagar i uka. Til saman reiser Riksteatret meir enn 130 000 km i året med buss, og har meir enn 8000 hotelldøgn i året. På det meste kan teatret ha fem til seks produksjonar på vegen samstundes. Riksteatret er ein underliggjande etat til Kulturdepartementet. Arne Nøst er i dag sjef for Riksteatret. Han tok over stillinga 1. april 2020 etter Tom Remlov, som då hadde styrt teateret i fem år.

Annonsøren er en ekstern bidragsyter til Subjekt, og ikke underlagt samme retningslinjer som Subjekts ansatte og redaksjonsmedlemmer. En annonsør fremmer sin egne agenda gjennom betalt innhold i Subjekt. Dersom du ønsker å tipse eller kontakte Subjekts interne redaksjon, bør du gå gjennom våre sider for kontakt eller tips.

Riksteatrets bidrag (2)
Tid for oppgjør