«Krølla 50-lapp».
«Jeg skal elske deg til døden, det er en drapstrussel».
«Hvite menn som pusher 50».
«Det er lett å være rebell i kjellerleiligheten din».
«Hodet mitt er grøt, og de spør meg om skjeen».
Og så vidare.
Kan det stemme at gutane bak linjer som dette, ikkje e nominert i Spellemann-kategorien tekst?
Først fremst vil eg berre gratulere alle kjente som har blitt nominert til Spellemann 2019. Det er heilt rått. Så mykje bra folk. Men i den samanheng, har eg lyst til å lufte ein ting med samveldet.
Som dykk kanskje vet, har eg ein hang til å fokusere mykje på tekst, og i den samanheng har eg opp igjennom åra latt meg fascinere av forfatterskapet til han Magdi og han Chirag, frå den relativt populære gruppa Karpe (Diem).
Eg forstår det slik at Karpe har blitt nominert, men aldri vunne, i denne kategorien tekstkategorien før.
Kort oppsummert: Ei gruppe som spyr ut quotes, som blir ein del av dagligdagstalen i samfunnet, og som representerer ein heil generasjon gjennom tekstane sine, har ikkje vunnet i kategorien tekst.
Med fare for å sparke opp vidåpne dører her: Det er heilt sinnssykt!
Les også: Disse er nominert til Spellemann