Annonse

Ubrutal brutalisme

Manifesterer korleis kunst og arkitektur kan spele kvarandre sterke

Publisert 19. mai 2021

Har du opplysninger i saken? Tips oss

Nasjonalmuseet for arkitektur si utstilling om Erling Viksjø vitnar om korleis tverrfagleg arbeid mellom kunstnarar og arkitektar kan skape bygningar av særeigen kvalitet. Her er det noko dagens arkitektar kan ta til seg. Medan museet held koronastengt, er det mogeleg å gjere eit digitalt museumsbesøk på nettsida. (Foto: Nasjonalmuseet.)

«Bevegelser i betong» er ei opplysande utstilling som viser korleis Erling Viksjø prøvde å fornye brutalismen innanfrå. Ein ville berre ønske at utstillinga kom før vi begynte å rive bygningane hans.
Annonse

Det er ein av arkitekturhistorias store ironiar, at kvar generasjon ender opp med å rive mange av den førre generasjonens viktigaste bygningar.

Om vi i dag ser tilbake på femti- og sekstitalet, og måten etterkrigsgenerasjonane reiv ned mykje av den klassisistiske arkitekturen frå sein 1800-tal og erstatta han med modernistisk betongarkitektur, kan ein ikkje anna enn å sukke indignert og bryte ut: «Kva i all verda tenkte dei?»

Indignasjonen over desse tabbane er visstnok så potent, at det har gitt opphav til ein heilt eigen sjanger på Instagram: Byen før-og-nå-kontoar finst i dei fleste større byar i Europa, og i Oslo finst både «oslogeek» og det nye Arkitekturopprøret sin konto «aonorge».

Likevel er kvar ein seriøs arkitekturinteressert nøydd til å spørje seg sjølv: Er vi eigentleg så forskjellige få tidlegare generasjonar? Har ikkje vi òg ein bjelke i vårt auge?

Hydrobygget i Bygdøy allé er eit av Viksjøs mest kjende bygg. (Foto: Teigens fotoatelier/Nasjonalmuseet.)

Den misforståtte modernismen

Det er mykje som tilseier at det nettopp er modernismen som er vår generasjons blindflekk.

Annonse

Snutter

Se alle

Les mer av det du bryr deg om