Annonse

Siri er ikkje redd for estetikk

Arkitekten som vinn hjartet til Arkitekturopprøret

Mari Kaslegard
Mari Kaslegard Journalist

Publisert 26. mai 2024

Har du opplysninger i saken? Tips oss

«Skal eg tørre å publisere dette», spurde Siri Frøystein seg før ho leverte diplomoppgåva i arkitektur. Ho snakkar om estetikk og historie, noko som har gjort ho til ein favoritt hos Arkitekturopprøret, Kjetil Rolness og Trond Åm. (Foto: Torstein Olav Eriksen.)

4 XArkitekt Siri Frøystein. (Foto: Torstein Olav Eriksen.)
Arkitektar har sett funksjon føre form i hundre år. Men den nyutdanna arkitekten Siri Frøystein ser på skjønnheit som ein menneskerett.
Annonse

– No brukar eg ordet estetikk ganske mykje og det er eg ikkje redd for.

Men i byrjinga var det ikkje slik. Den ferske studenten skjønte fort at ord som «stygt» og «fint» var tabu innanfor arkitekturteori. Ein skulle først og fremst jobbe med plan, logistikk og konstruksjon.

– Så blir fasaden noko som reflekterer dette. Bygget vil likevel alltid få eit estetisk uttrykk, sjølv om ein ikkje vil kalle det estetikk.

Ho trur denne unnvikinga frå omgrep om skjønnheit heng att frå ei anna tid. I arkitekturhistorietimane har fleirfaldige studentar blitt innlemma i mantraet frå funksjonalismen: «Ornament is Crime».

Les òg: Arkitekturopprøret: Til krig mot glas og betong

Annonse

Snutter

Se alle

Les mer av det du bryr deg om