Eg har alltid elska bibliotek.
Når eg besøker ein by eg ikkje har vore i før, er biblioteket alltid noko av det første eg vil sjå.
Ikkje berre fordi man kan gå på do der utan å måtte betale, men fordi biblioteket ofte er ein av dei mest spennande plassane i byen.
Annleis enn museum, kyrkjer eller rådhus, er dei i bruk av vanlege, lokale folk. Og annleis enn på kjøpesenter eller i shoppinggater, finn ein på biblioteket ei salig blanding av masse ulike menneske.
Fordi dei er offentlege, ikkje-kommersielle arenaar, trekker dei til seg både rike og fattige, barn og pensjonistar, studentar og utliggarar, og gir såleis ein interessant introduksjon til byen.