Julie Moe Sandø som Mor Olaug på Riksteatret. (Foto: Erik Berg.)
«Rapunsel» og «Raskolnikov» får fast jobb

Preben Hodneland og Julie Moe Sandø er fast tilsette ved Det norske teatret

I dag beslutta teatersjef Erik Ulfsby å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Julie Moe Sandø og Preben Hodneland.
Saken er Det norske teatre tilsetje skodespelarar i fast jobb.

– Det er alltid ei glede styrke det faste ensemblet ved teatret med nye skodespelarkrefter, sier teatersjef Erik Ulfsby, og held fram:

– Både Julie og Preben har over år vist at dei er allsidige skodespelarar med både djupn, humor og musikalitet, så dei vil vi garantert ha stor glede av framover.

Ulfsby synast det er «ei ekstra stor glede» å kunne gi to skodespelarar trygge rammer i ei usikker tid som den vi er inne i.

(Foto: Siren Høyland Sæter.)

Har vunne Heddaprisen

Preben Hodneland (34) var utdanna prosessteknikar og arbeidde på Mongstad før han tok skodespelarutdanninga ved Statens Teaterhøgskole (2011-2014).

Han debuterte ved Den nationale scene i Bergen, der han også seinare har hatt tittelrolla i Hamlet. Hodneland har også hatt oppdrag ved Trøndelag teater og spelt rolla som Mercutio i «Romeo og Julie» og tittelrollene i «Macbeth» og «Raskolnikov» ved Det norske teatret.

Skodespelaren fekk Heddaprisen for Beste mannlege skodespelar i 2020. I 2018 vann han prisen for Beste mannlege medspelar for rolla som eldste McKinley i «The Book of Mormon». Hodneland har også medverka i TV-seriane «Heksejakt» og «Magnus», og i filmane «Alt det vakre» og «Når jeg faller», der han også hadde hovedrolla og blei nominert til Amanda som Beste mannlege skodespelar (2019).

(Foto: Siren Høyland Sæter.)

Tilset Rapunsel

Julie Moe Sandø (33) frå Trondheim er utdanna med Gøteborgs universitet, under Högskolan för scen och musik (2011-2014).

Ho medverka i fleire oppsetjingar ved Trøndelag teater før ho utdanna seg, og har også etter endt utdanning vore knytt til dette teatret.

Frå 2016 har Moe Sandø vore tilsett ved Det norske teatret og hatt store roller, blant anna som mor i Goksøyr og Martens-framsyningane «11 år» og «Dottera», og hadde større roller i musikalane «Tenk om og Lazarus».

For tida er ho aktuell i «Bestialitetens historie», «Bienes historie», «Trilogien» og «Slåttekar i himmelen».

Til våren skal ho også spele rolla som Rapunsel i Sondheim-musikalen «Into the Woods».

Julie Moe Sandø er også vokalist i bluegrassbandet Julie & The New Favourites.