Ålesund kommune søker rådgjevar profesjonell kultur

Rådgjevar profesjonell kultur

Ålesund kommune har som mål at Ålesund skal vere det kulturelle tyngdepunktet mellom Trondheim og Bergen. Kulturlivet i Ålesund er i ei spanande og positiv utvikling, samtidig som etterspurnad og bruk av kulturtilboda aukar.

Verksemd kultur og fritid forvaltar kommunen sitt ansvar for å legge til rette innan allmenn kultur og idrett og friluftsliv. Verksemda har to avdelingar, der avdeling for kultur har ledig stilling som rådgjevar for profesjonell kultur.

Vi søker deg som har erfaring, mot og lyst til å arbeide med oppgåver retta mot den profesjonelle delen av kulturlivet. Stillinga går inn i eit team der fag- og driftsansvarlege saman arbeider for å skape best mogleg vilkår for frivillig og profesjonell kultur i Ålesund kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Initiere og koordinere samarbeid med kulturinstitusjonane og det profesjonelle kulturlivet
  • Initiere, delta i og leie kulturretta utviklingsprosjekt
  • Koordinere arbeidet med kultur som næring
  • Koordinere arbeidet med kunst i offentleg rom
  • Utvikle planverk
  • Sikre at politiske og administrative vedtak innan fagfeltet vert følgt opp
  • Tilskotsforvaltning til det profesjonelle kulturfeltet
  • Andre oppgåver og sakshandsaming innan kulturfeltet

Den som vert tilsett, kan bli involvert i oppgåver, internt og eksternt, som i utgangspunktet ligg utanfor verksemda og stillinga sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Kulturfagleg utdanning på masternivå. Realkompetanse kan erstatte formalkompetanse.
  • Brei erfaring frå/med det profesjonelle kulturfeltet
  • God forståing for kreativ næring
  • Erfaring frå utviklingsarbeid
  • Prosess- og prosjektleiarkompetanse
  • Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • er open, engasjert og modig
  • har visjonar og mot til å gå nye vegar
  • er kreativ
  • har gjennomføringskraft og kan vise til oppnådde resultat
  • arbeider målretta og strategisk
  • er sjølvstendig og liker å arbeide med menneske
  • er lagspelar og samarbeider godt
  • har høg arbeidskapasitet og evne til å halde mange ballar i lufta
  • har kjennskap til kommunal forvaltning
  • har humor
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit nytt og innovativt kommunalområde
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter tariff
Rettighetsrådgiver
Manustjenesten Dramas
Daglig Leder
Stiftelsen BIT20 Ensemble
Produsent
Oslo Circles
Daglig leder
Norsk Skuespillerforbund
Danselærer
Verdensbro
Prosjektleder
Norges Verdensarv
Prosjektansvarlig
AKKS Trondheim
Gallerist
Ramme Service Bergen AS
Rådgiver Norsk håndverksinstitutt
Stiftelsen Lillehammer museum
Landskapsarkitekt
Smedsvig Landskapsarkitekter AS
Direktør
Stiftelsen Kistefos-Museet
Administrasjonssjef
Norsk musikkråd
Formidler
Galleri F 15

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Martin Lura Dolonen

martin@subjekt.no
+47 451 41 774