Det Norske Teatret søkjer ny Teatersjef

Det Norske Teatrets sjefsstol er ledig frå 1. januar 2025!

Vi søkjer ein ambisiøs teatersjef som kan legge til rette for eit variert og kunstnarleg dristig repertoar for store publikumsgrupper. Det Norske Teatret skal utvikle scenekunsten og skape teater på høgt internasjonalt nivå.

Det Norske Teatret skal nå eit stort og mangfaldig publikum gjennom eit relevant repertoar. Teateret har eit viktig samfunnsansvar med kulturhistorisk tyngd. Det Norske Teatret har røter i folkerørsle og motkultur og har ein rik arv å forvalte både som samfunnsaktør og som produsent av store teateropplevingar. Språkoppdraget som det største nynorskteateret er eit særleg ansvar for Det Norske Teatret.

Vi har markert oss med ei tydeleg mangfaldssatsing innan norsk kulturliv, og dette gir prosjektet Det Norske Teatret ei større ramme og ein tydelegare profil.

Det er viktig at den komande sjefen vår byggjer vidare på dette.

Teatersjefen har det øvste ansvaret og vi ønskjer oss ein sjef som er trygg i ei tydeleg leiarrolle som både er samlande og inspirerande for teaterets mange engasjerte medarbeidarar med allsidig fagbakgrunn. Vedkommande må kunne kommunisere godt og kunne representere teateret også i det offentlege ordskiftet. Teatersjefen rapporterer til styret.

Stillinga er eit åremål på fem år. Lønn etter avtale.

Gode, avtalefesta pensjonsordningar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Hilde Barstad, tlf. 975 92 246, eller rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752.

Museumspedagog og formidler
Stiftelsen Buskerudmuseet
Direktør
Den Nationale Scene
Kulturskolestillinger
Nittedal kommune
Kommunikasjonsrådgiver
Kunstsentrene i Norge
Arenaansvarlig
Davvi - Senter for scenekunst

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469