Det Norske Teatret søkjer arrangementsvert

Det Norske Teatret søkjer arrangementsvert til Bikubekveld for sesongane vår og haust 2023.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som arrangementsvert skal du ta imot og vere kontaktperson for artistane frå lydsjekk til avslutta konsert. Du skal hjelpe artistane med praktiske oppgåver dersom det er behov for det, og vere bindeledd mellom artist, vertskap og servering (på Kafé Løve).

Bikubekveld blir arrangert i foajeen fredagar frå midten av februar til midten av mai og frå midten av september til midten av desember. Arrangementet startar etter at framsyningane på scenane våre same kveld er ferdige, seinast klokka 23, og varer omtrent ein time. Vakta startar på ettermiddagstid, og du må vere til stades fram til arrangementet er slutt – dette vil variere ut ifrå dei andre arrangementa på teateret den aktuelle kvelden. Du vil jobbe ca. kvar andre/tredje fredag i desse periodane, i tillegg til noko planlegging på dagtid.

Utdanning og erfaring

  • Relevant erfaring og/eller utdanning frå liknande arbeid innanfor kulturfeltet er ein fordel.
  • Du bør ha god forståing for konsert- og/eller teaterproduksjon og for kunstnarlege prosessar.

Du har desse personlege eigenskapane

  • Serviceorientert og imøtekommande
  • Sjølvstendig, praktisk og strukturert
  • Løysingsorientert, allsidig og lærevillig
  • Fleksibel i høve til arbeidstid og arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • Gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Tiltredning etter avtale.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

Utstillingsverter LIAF
Nordnorsk Kunstnersenter
Praksisstudenter
CODA Oslo International Dance Festival
Dansepedagog
Sør-Varanger kulturskole
Stipend
Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske bildende kunstnere
Kulturskulelærar
Tysnes kommune
Direktør
Kunstsilo
Teatersjef
Teater Ibsen

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469