Det Norske Teatret har ledig ei fast stilling i 100% som rekvisittmakar.
Har du eit hjarte for teater, er idérik og har erfaring frå å lage rekvisittar? Vi søkjer etter deg som har relevant bakgrunn og høg kompetanse til å lage rekvisittar til produksjonane våre. Ansvaret inneber også å halde rekvisittane ved like. Du må jobbe løysings- og resultatorientert, og gjerne ha erfaring frå teater, film eller fjernsyn.
Stillinga høyrer til målarsalen, og du må kunne jobbe sjølvstendig og kreativt i samarbeid med avdelinga, scenografar og andre avdelingar på huset.
Kompetanse
- Utdanning i handverksfag eller frå kunstskule. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Brei erfaring med ulike materialar, støyping og effektar
- Kunnskap om tekniske og mekaniske løysingar
- Innsikt i gamle og nye teknikkar i teatermålarfaget
- God datakunnskap og systemforståing er ønskeleg
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Relevant erfaring frå teater, film og/eller fjernsyn
- Sjølvstendig og løysingsorientert
- Rask og åpen for stadige endringer
- Interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
- Interesse for ny teknologi
- Personlege eigenskapar vil vektleggast
Vi tilbyr
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
- Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
- Gunstig ferieordning
- Lønn etter tariff
Arbeidstid er 37,5 timars veke hovudsakeleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveld og i helg kan påreknast.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Om Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.