Er du den nye Kultursjefen i Hemsedal?

(Foto: Kristin Devor.)

Hemsedal kommune har ledig 100% stilling som kultursjef frå 01.08.2024.

Me kan tilby eit inspirerande kulturmiljø prega av godt samarbeid mellom dyktige fagfolk. Kultursjefen vil vera sentral i utviklinga av Hemsedal sitt kulturliv framover.

Hemsedal er ei bygd med stor tilflytting, og på mange måtar ein smeltedigel. Mange tilflyttarar er unge. Miljøet er levande, nokon vil seie urbant. Samtidig står kulturarven sterkt i bygda. Kultursjefen er ein viktig ressursperson, og kan ha stor påverknad på retninga kulturlivet i bygda tek.

Kultursjefen er plassert under kommunalsjef for oppvekst og kultur. Til verksemda ligg 5,5 årsverk fordelt på einingane kulturskolen, bibliotek og ungdomsklubben.

Dine oppgåvar og ansvar

  • Overordna ansvar for kultur i kommunen. Du vil bli leiar for biblioteksjef, kulturskulerektor og leiar av ungdomsklubben
  • Forvalte tilskotsordning for lag- og organisasjonar
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid med t.d. skule, helse, næringsliv, landbruk, kyrkja
  • Forvaltning av spelemidlar og rådgjeving
  • Vidareutvikle samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag/organisasjonar, idretten og Hemsedal frivilligsentral
  • Legge til rette for arbeid med lokal historie, dialekt og identitet
  • Kommunale kulturplanar, slik som utarbeiding av kultur- og kulturminneplan
  • Sikre utgreiingar på kulturfeltet og utforme gode saksframlegg til politikarane
  • Delta i regionalt samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring med administrasjon, økonomi- og personal
  • Erfaring frå offentlig/kommunal sektor vil bli vektlagt
  • Erfaring med kunst- eller kulturarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og tydeleg leiar, som trivst med å jobbe i team
  • Du kan jobbe systematisk og strukturert
  • Du er sjølvstendig, fleksibel og initiativrik
  • Du har visjonar, endringsvilje og gjennomføringsevne

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Ein spanande, variert og fleksibel arbeidsdag
  • Samarbeid med ulike fagmiljø i kommunen
  • Eit sosialt og kreativt arbeidsmiljø med stor grad av påverknad på eigen arbeidskvardag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Krav til helse- og vandelsdokumentasjon

Ved enkelte stillingar innan Oppvekst er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsatt for smitterisiko.

Krav til kompetansedokumentasjon

Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av løn. Lønsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.

Vitnemål og attestar skal lastas opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.

Om Hemsedal kommune

Hemsedal kommune har rundt 300 tilsette som jobbar for å ha eit godt tenestetilbod for alle innbyggjarane, uansett alder og bustad. Folkehelse er eit satsingsområde i Hemsedal, og her er eit godt utbygd trenings- og aktivitetstilbod. Kvart einaste år flyttar det menneske frå andre delar av landet, og utlandet, til Hemsedal. Ein viktig føresetnad for Hemsedal som samfunn, er at me legg til rette for folk som bur og flyttar hit, slik at dei trivst og bli verande.

Daglig leder
Stiftelsen Studentkroa i Bø
Festivalsjef
Vossa Jazz
Produsent
Vossa Jazz
Digital marknadsførar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Frivillige
Sementblues
Museumspedagog og formidler
Stiftelsen Buskerudmuseet
Direktør
Den Nationale Scene
Kommunikasjonsrådgiver
Kunstsentrene i Norge
Arenaansvarlig
Davvi - Senter for scenekunst

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469