Høgskulen i Volda søker Dekan ved Avdeling for Kulturfag

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda (HVO) er det ledig åremålsstilling som dekan ved Avdeling for kulturfag i fire år frå 1.8.2023.

Høgskulen i Volda har omlag 4500 studentar og 380 tilsette og er den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Høgskulen er i stadig utvikling med mange nye og planlagde studietilbod. Talet på tilsette og studentar er aukande. Høgskuleområdet er attraktivt og i sterk utvikling både i regi av høgskulen og i samarbeid med andre.

Dekanstillinga ved HVO er ei spennande og utfordrande stilling ved ein høgskule med eit godt og variert fagmiljø. Stillinga gir gode moglegheiter til å vere med å skape noko nytt saman med engasjerte kollegaer og studentar.

Om avdelinga

Avdeling for kulturfag har eitt av dei breiaste kulturfaglege miljøa på bachelornivå i Noreg og har omlag 45 tilsette, og om lag 550 studentar.

Avdeling for kulturfag består av fire institutt som alle er aktive i forskings- og utviklingsarbeid. Dei vitskaplege tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av avdelingar og bidreg i nasjonale- og internasjonale nettverk.

Avdelinga tilbyr bachelorutdanningar i Musikk, Design, Kunst og Handverk, Idrett og Kroppsøving, Friluftsliv og Naturguide, Teater og Drama. Dei praktiske og estetiske faga vert tilbydd i grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og praktisk pedagogisk utdanning. Avdelinga tilbyr også vidareutdanningar innan undervisningsretta fag i skuleverket, samt profesjonsretta fag. Kvart bachelorprogram har tilrettelagde undervisningsfasilitetar t.d. konsertsal, teatersal, musikkstudio, dubbingstudio, tekstil-, tre- og leireverkstadar, eige idrettsbygg med treningsfasilitetar, test lab og kystfriluftsbase. Avdelinga har levert akkrediteringssøknad om Master i Natur, kultur og berekraft.

Avdeling er vertskap for Seanse, senter for kunstproduksjon som arbeider for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å oppleve og uttrykke seg gjennom kunst. Av anna utadretta verksemd kan nemnast fagleg samarbeid med Akademiet for personlig trener, prosjekt om innovasjon og arbeidslivsrelevans i samarbeid med Sunnmøre kulturnæringshage, og det statleg støtta prosjektet Praksis, oppdrag og entreprenørskap.

Avdelinga samarbeider mellom anna med Møre og Romsdal fylkeskommune,
Kunnskapsdepartementet og Norsk kulturråd om kulturformidling og kulturproduksjon, i tillegg til fleire private og offentlege regionale og nasjonale aktørar.

Ansvarsområde

Dekanen har det overordna faglege og strategiske ansvaret for avdelinga innan utdanning, forsking, utvikling og formidling. Som øvste ansvarleg for avdelinga, skal dekan sjå til at drifta av avdelinga skjer i samsvar med høgskulen sine strategiar, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.

Stillinga er tillagt økonomisk-administrativt ansvar. I dette ligg at oppgåvene innanfor økonomi og administrasjon vert ivaretekne med god kvalitet og i samsvar med god forvaltingspraksis.

Som leiar ved avdelinga skal ein legge til rette for og stimulere til samarbeid og informasjonsdeling internt på avdelinga og med eksterne aktørar. Dekan er avdelinga sin talsperson og representant i møte med offentlege styresmakter, samarbeidspartar og ålmenta.

Høgskulen i Volda har delt leiing, dette vil seie at dekanane samarbeider med rektor i faglege saker og høgskuledirektør i administrative saker.

Kvalifikasjonar

Det vert stilt krav om utdanning på masternivå eller høgare, fortrinnsvis innan fagfelt som er relevant for utdanningane og forskinga ved avdelinga. Søkjarar må ha erfaring med undervising og FoU-arbeid frå høgare utdanning. Den som vert tilsett må ha kunnskap om arbeidsrelevans for dei utdanningane som avdelinga tilbyr. Ein bør også ha god forståing for samspelet mellom profesjons- og disiplinfaglege aktivitetar innan både forsking og utdanning.

Vi søkjer ein person med solid og relevant leiarerfaring, økonomisk og administrativ kompetanse, gjerne frå offentleg forvaltning. Stillinga set krav til gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tillit og nettverk. Som dekan må ein vere relasjonsbyggande og samlande for avdelinga.

Det vil bli lagt vekt på evne til strategisk tenking og gjennomføring, erfaring med prosjektarbeid og internasjonalisering. Innsikt i og erfaring frå organisering og drift av høgare utdanning er ein fordel.

Administrasjonsspråket ved HVO er norsk, men stillinga set krav til god skriftleg og munnleg kommunikasjon også på engelsk.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

Som vår kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

– Høve til kompetanse- og karriereutvikling

– Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer

– God pensjonsordning i Statens pensjonskasse

– Tilsettgode og fordelar, mellom anna høve til trening i arbeidstida

Stillinga som dekan er løna er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar etter statens lønsregulativ, lønsplan 17.500, dekan stillingskode 1474. Løn etter avtale.

Det vert trekt 2% lovbestemt innskot i Statens pensjonskasse av løna, som inneber pensjonssparing og risikoforsikring, les meir på www.spk.no.

Tilsetjinga er på åremål for perioden 1.8.2023 – 31.07.2027, med høve til re-tilsetting etter utlysing. Åremålstilsetjinga kan totalt utgjere 12 år.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål, attestar og cv. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Tilsetting skjer på dei vilkåra som følger av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju og må ta med originalar av vitnemål og attestar.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Daglig leder
Stiftelsen Studentkroa i Bø
Festivalsjef
Vossa Jazz
Produsent
Vossa Jazz
Digital marknadsførar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Frivillige
Sementblues
Museumspedagog og formidler
Stiftelsen Buskerudmuseet
Direktør
Den Nationale Scene
Kommunikasjonsrådgiver
Kunstsentrene i Norge
Arenaansvarlig
Davvi - Senter for scenekunst

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469