Kulturkommunen Ål søker ildsjel!

Vil du setje spor i kulturlivet i Hallingdal og skape nye samarbeidsarenaer og nettverk? Brenn du for å gje gode kulturopplevingar til alle Ålingar, Hallingar og tilreisande?

Då er denne jobben noko for deg. Hjå oss finn du ein godt forankra kulturpolitikk, eit godt fungerande idrettsliv, mange arrangement, kulturhus med 30.000 besøkjande per år, ein høgmoderne dansescene og eit spanande residensnettverk.

Som kultursjef vil du få eit overordna og koordinerande ansvar for Kultursektoren. Du vil leie avdelingane bibliotek og kulturhus med 14 flotte tilsette, samt ein kultur- og idrettskonsulent. Du skal vidareutvikle det gode samarbeidet med idretten og kulturlivet i Ål. Me søkjar ein trygg og tydeleg leiar som skapar gode resultat i samhandling med medarbeidarane dine. Me ynskjer oss deg som er kulturelt nysgjerrig og uredd – og som vil jobbe med utvikling av kulturtilbodet og nettverk.

Dine oppgåver og ansvar

  • Leiing og drift av verksemdsområdet kultur
  • Nettverksarbeid nasjonalt og i regionen
  • Tett samarbeid med den politiske leiinga i kommunen og forankring av kulturarbeidet
  • Sikre høg aktivitet og kvalitet i tilbod
  • Utarbeide og følgje opp ein strategisk og økonomisk berekraftig kulturplan
  • Ivareta og vidareutvikle gode relasjonar til lag, organisasjonar, foreiningar og andre samarbeidspartnarar i kommunen

Me ønskjer at du som søkjer har

  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå med vekt på kunst- og/eller kulturfag
  • Lang og relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet
  • Erfaring innan kunst, kultur, formidling og/eller arrangement
  • Leiarerfaring, gjerne med erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar
  • Erfaring innan økonomistyring
  • Erfaring frå kommunal sektor er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, Ål har nynorsk som administrasjonsspråk

Personlege eigenskapar

  • God på relasjonar
  • Teambyggjer og lagspelar
  • Engasjert, kreativ og utviklingsorientert
  • Må evne å sjå heilskap og halde oversikt
  • Systematisk og strukturert
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • Ein unik jobbmoglegheit i ei kulturkommune
  • Ein utfordrande og spanande leiarstilling
  • Stort og engasjert fagmiljø og eit positivt kulturmiljø
  • Godt samarbeid i sektoren og på tvers av avdelingane, og du inngår i rådmannen sitt leiarteam
  • Moglegheit til å påverke kulturlivet i kommunen og vere med på å skape gode tilbod for innbyggjarane
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter avtale og innmelding i KLP
  • Bustadstønad dei første 6 månadane og hjelp til å finne bustad
  • Rabatt på treningssenter

Send søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. Om du ønskjer unnatak, må dette grunngjevast.

Om Ål kommune

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen. Sjølv om kommunen berre har i underkant av 5000 innbyggjarar, har vi eit stort kulturtilbod som er på høgde med dei fleste norske byar. Ål Kulturhus har både kino, teater, konsertar, danseframsyningar og litterære arrangement. I løpet av året er det ei rekke store kulturfestivalar i Ål.

Ål kombinerer det beste med bygdelivet med eit kultur- og idrettsliv som liknar det ein finn i større byar. Her er det:

  • Lågare levekostnader enn i storbyane – her kan du bruke tida på det som er viktig for deg!
  • Kort reiseveg til skule, barnehage, helse og butikkar
  • Varierte jobbmoglegheiter og behov for deg med utdanning og kompetanse
  • Eit godt miljø for gründerar og deg som vil skape eigen arbeidsplass
  • Daglege tog- og bussavgangar til Oslo og Bergen
  • Eit inkluderande lokalsamfunn der nytilflyttarar er varmt velkomne

Ål kommune ynskjer å bistå alle som vil flytte hit med å finne seg arbeid, bustad og eit nettverk. Her finn du informasjon om bulystprosjektet vårt..

Utstillingsverter LIAF
Nordnorsk Kunstnersenter
Praksisstudenter
CODA Oslo International Dance Festival
Dansepedagog
Sør-Varanger kulturskole
Stipend
Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske bildende kunstnere
Kulturskulelærar
Tysnes kommune
Direktør
Kunstsilo
Teatersjef
Teater Ibsen

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469