Musea i Sogn og Fjordane søker digital marknadsførar

Skap magiske opplevingar

Bli med oss å skape gode minner. Som digital marknadsførar vil du bidra til at fleire får oppleve kulturarven og få innsikt i kunst- og kulturhistorien. Du gjer kvardagen litt rikare for fleire, gjennom å vise dei vegen til læring og opplevingar hjå oss, saman med nokon dei er glad. Skape minner å leve på.

Som digital marknadsførar vil du gjere deg kjent med publikum og deira ønskjer. Du vil lage innhald som gjer dei interessert og nysgjerrige på kunnskapen, gjenstandane, kunsten og folka våre. Kva vi har av arrangement, utstillingar og aktivitetar. Du vil kople publikum sine behov med våre tilbod. Hjelpe dei til å bli våre neste gjester. Så vil du bidra til at når dei har besøkt oss, så kjem dei att og vert ambassadørar.

Om stillinga

Som digital marknadsførar i Musea i Sogn og Fjordane vil du:

  • Reise rundt på dei tolv musea våre og lage inspirerande innhald om tilboda våre
  • Bruke innhaldet til å drive trafikk til nettsider og sosiale kanalar, engasjere publikum, generere leads, SEO, drive sal og følge opp gjestar og kunder
  • Vere med å bygge opp inbound marknadsføring som ein metode i vår marknadsstrategi
  • Drive innsiktsarbeid med målgrupper
  • Vere ein marknadsføringsressurs for dei tolv musea våre

Vi ser etter deg som:

  • Har høgare utdanning innan digital marknadsføring, minimum bachelornivå (erfaring med dokumenterte resultat kan kompensere for manglande utdanning)
  • Har erfaring frå digital marknadsføring.
  • Har erfaring med innhaldsproduksjon: film, foto, tekst
  • Meistrar nynorsk
  • Køyrer bil

Digital marknadsførar (DM) blir del av eit team saman med marknadskonsulent og kommunikasjons- og marknadssjef. Stillinga vil jobbe både overordna og langsiktig mot fleire større publikum, og direkte med det enkelte museum, som til dømes marknadsføring av arrangement i eit lokalmiljø.

Målgruppene DM vil jobbe mot, kan finnast i lokalsamfunn, det kan vere eit demografisk utval eller interesseområde. Norske og utanlandske turistar er ei av gruppene.

Målet med stillinga er å bidra til at fleire skal få ta del i kunnskapen vår, gjennom å auke besøkstalet. Verktøyet er å drive innovativ digital marknadsføring i samarbeid med teamet og tilsette i det enkelte museum.

Dagleg oppmøtestad vil vere i administrasjonen på Sandane, som er ein eigen fråskild del av Nordfjord Folkemuseum. Her sit resten av staben, som også inkluderer dei to kollegaene på marknad og kommunikasjon. Sjølv om Sandane er preferert oppmøtestad kan vi vere fleksible ved ønskje om andre løysingar.

Moglegheiter og utfordringar for digital marknadsførar

Dette er ei ny stilling i musea, noko som gjev rom for å sette ditt eige preg på vår vidare satsing på digital marknadsføring. I det ligg det også eit potensiale for personleg og fagleg utvikling.

Du kjem inn i eit stort nettverk av dyktige museumsfolk som du vil lære mykje av. Det er ein engasjert og kreativ gjeng som vil utfordre deg til å yte ditt beste.

Du vil ikkje berre få innblikk i kva kulturarven vår er, korleis vi tek vare på og formidlar den – du vil også bli godt kjent i vår fantastiske region, Sogn og Fjordane frå Florø og Måløy i Vest, til Lærdal i aust.

Utfordringar

Å samordne marknadsføringa for tolv individuelle museum, inneber å skaffe seg god oversikt, ha kontakt med mange menneske og forhalde seg til mange målgrupper. Mange vil komme til å ha ein bit av alt du kan. Det kan bli overveldande, og krev god struktur, planlegging og gode system.

Musea har høg aktivitet heile året, det er alltid eit arrangement som treng blest. Så er det mykje aktivitet knytt til haust- og vinterferie, og spesielt sommar, då alle musea er opne. Det kan føre med seg intense arbeidstoppar og ein del lange reisedagar.

Evne til å styre eigen dag, prioritere, sette grenser og handtere stress vil løne seg for å kunne handtere utfordringane på ein sunn måte.

Søk på stillinga om du

  • Vil at fleire skal få oppleve magi og skape minner på museum
  • Elskar å fortelje viktige og meiningsfulle historier
  • Blir engasjert av å sette deg mål og oppnå målbare resultat
  • Diggar å teste ut nye, smarte kommunikasjons- og marknadsverktøy
  • Blir motivert av å samarbeide med mange dyktige kollegaer med høgt engasjement og høg kompetanse
  • Tykkjer musea har eit viktig oppdrag, som du ønskjer å styrke merkevara til
  • Likar å utfordre og utvikle deg fagleg og drive nyskaping

Om Musea i Sogn og Fjordane

Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I 2023 gav vi nær 50.000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.

Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta middelalterloft, eksport av kvernsteinar heilt tilbake til vikingtida og Lord Slingsby sine ekspedisjonar, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.

Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad misf.no.

Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under «Vedlegg».

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Daglig leder
Stiftelsen Studentkroa i Bø
Festivalsjef
Vossa Jazz
Produsent
Vossa Jazz
Digital marknadsførar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Frivillige
Sementblues
Museumspedagog og formidler
Stiftelsen Buskerudmuseet
Direktør
Den Nationale Scene
Kommunikasjonsrådgiver
Kunstsentrene i Norge
Arenaansvarlig
Davvi - Senter for scenekunst

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469