Nasjonalbiblioteket søkjer manusredaktør

Om stillinga

I 2024 markerer vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøters landslov. I samband med jubileet planlegg Nasjonalbiblioteket fleire bokutgivingar for eit allment publikum, ei praktutgiving og fleire vitskaplege fagutgivingar. Vi søkjer no etter ein fagleg sterk manusredaktør til ei treårig prosjektstilling med ansvar for Nasjonalbiblioteket sine utgivingar til Landslovjubileet.

Vi søkjer etter ein ryddig og organisert manusredaktør som har erfaring med å koordinere komplekse utgivingsprosjekt. Personen vi leiter etter, er språk- og stilsikker og har solid erfaring med tekstarbeid og korrektur på både nynorsk og bokmål.

Til stillinga ligg det ansvar for å koordinere framdrifta til utgivingane, inkludert oppfølging av design og utforming og dessutan kvalitetssikring av tekstar, språkvask og korrektur. Det kan bli aktuelt å leggje til rette for og koordinere utgivingar på engelsk.

Manusredaktøren vil òg ha ansvar for klargjering av trykkfiler og digital publisering av dei faglege kjeldeutgivingane og vitskaplege publikasjonane til Nasjonalbiblioteket. Her vil manusredaktøren svare til fagbokredaktør og Nasjonalbibliotekets redaksjonsråd for fagutgivingar.

Stillinga ligg i avdelinga for kulturformidling og informasjon, og inngår i arbeidsfellesskap med redaktøren for allmennutgivingar. Stillinga rapporterer til avdelingsdirektøren.

Ønskt tiltreding: snarast.

Arbeidsoppgåver

  • Kvalitetssikre tekstar og sørgje for språkvask og tekst- og satskorrektur for allmenn- og fagutgivingar knytte til Landslovjubileet
  • Leggje til rette for og bidra til utforming av sats og bokdesign og bruk av illustrasjonar
  • Koordinere samarbeid med eksterne leverandørar som designar og trykkjeri
  • Lese korrektur på Nasjonalbibliotekets fagutgivingar og sørgje for at dei er tilrettelagde for trykk og digital publisering
  • Klarere opphavsrettsleg verna materiale for utgiving
  • Bidra i arbeidet med distribusjon og salskanalar for utgivingane

Kvalifikasjonar

  • Dokumentert og solid erfaring med språkvask og tekst- og satskorrektur på begge målformer, med særleg høg kompetanse i tekstarbeid på nynorsk
  • Dokumentert erfaring med utgivingar innanfor sakprosafeltet og/eller vitskaplege fagutgivingar
  • Ein fordel med erfaring som prosjektleiar eller tilsvarande frå akademia, forlags- eller medieverksemd
  • Ein fordel med erfaring frå produksjon og distribusjon av bøker
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
  • God kjennskap til norsk kultur- og samfunnshistorie
  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, fortrinnsvis mastergrad. Realkompetanse kan erstatte formelle krav
  • Personlege eigenskapar, sjå eige avsnitt

Personlege eigenskapar

  • Du er effektiv, strukturert, fleksibel og god til å handtere fleire prosjekt samtidig
  • Du har høg arbeidskapasitet og stor ansvarskjensle
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du arbeider raskt og nøyaktig under tidspress
  • Du har eit godt auge for bokdesign
  • Du er idérik og strategisk
  • Du har dokumentert gjennomføringskraft

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit kreativt miljø med høgt tempo
  • Eit variert fagmiljø og hyggjelege kollegaer
  • Gode høve til fagleg utvikling
  • Treårig prosjektstilling i stillingskode 1434 Rådgivar. Den aktuelle lønnsplasseringa for denne stillinga er 55-63, som for tida utgjer 499.500,- til 574.700,- per år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Om Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket er ein av dei største og viktigaste kulturinstitusjonane her i landet og ei av dei fremste kjeldene til kunnskap om Noreg og norske forhold. Med forankring i pliktavleveringslova samlar og bevarer vi det som er publisert i Noreg innanfor alle medietypar, som bøker, tidsskrift, aviser, musikk, film, foto, kringkasting og web. I kraft av samlinga og ved å gjere henne tilgjengeleg via digitale tenester dannar Nasjonalbiblioteket grunnlag for dokumentasjon, forsking og læring og bidreg til å skape identitet og tilhøyrsle.

Nasjonalbiblioteket skal bidra til å vidareutvikle norske bibliotek som aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar og har som mål å vere eit av dei mest spennande og moderne nasjonalbiblioteka i Europa.

Vi har 535 tilsette i Oslo og Mo i Rana og eit budsjett på 680 millionar kroner.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje på stillingane.

Digital marknadsførar
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Frivillige
Sementblues
Museumspedagog og formidler
Stiftelsen Buskerudmuseet
Direktør
Den Nationale Scene
Kommunikasjonsrådgiver
Kunstsentrene i Norge
Arenaansvarlig
Davvi - Senter for scenekunst

Ønsker du å nå jobbsøkere innen kunst og kultur?

Les mer her

Salgsavdelingen

salg@subjekt.no
02469