fbpx

Vinje kommune søkjar verksemdsleiar kultur og fritid

Er du kreativ og ei god blanding av pådrivar for kulturlivet, byråkrat, utviklar og prosjektleiar, då skal du søkje på denne spennande leiarstillinga!
Leiaren har, innan gjevne rammer, fullt fagansvar, økonomiansvar og personalansvar med rapportering direkte til kommunalsjef og er medlem av rådmannens utvida leiargruppe.

Ansvarsområde

• Kulturskule
• Bibliotek
• Kulturhus med kjøkken og kulturvaktmeistarar
• Kulturarv og lokalhistorisk arkiv
• Offentleg utsmykking og biletsamlingar
• Kultur- og fritidstilbod for alle innbyggjarar, og særleg barn og unge
• Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
• Frivillig sektor
• Kulturformidling, arrangement og tilskotsordningar
• Råd, rettleiing, bistand og samhandling med frivillig sektor og øvrig kulturliv

Kvalifikasjonar

• Høgare kulturfagutdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum 3 år
• God innsikt i det breie kultur- og idrettsområdet, på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå
• Kjennskap til frivillig sektor, og erfaring med samarbeid mellom kommunal og frivillig sektor
• Ønskeleg med erfaring frå leiing og offentleg forvaltning
• Ønskeleg med kompetanse innan samskaping/innovasjon og prosjektleiing/ prosessarbeid
• Gode nynorskkunnskapar og god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
• Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

• Du er ein leiar som ser heilskap og løysingar
• Du er engasjert, kreativ og entusiastisk og brenn for kultur, og kulturens rolle i samfunnsutvikling
• Du er strukturert og har god økonomiforståing
• Du legg vekt på tillit og integritet, og har gode samarbeidsevner
• Du er svært allsidig og fleksibel, med stor gjennomføringsevne
• Du har stor arbeidskapasitet og er budd på også måtte brette opp ermene og arbeide på kveld og i helg
• Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me kan tilby: 

• Løn etter avtale og 7 ekstra fridagar som kompensasjon for møter på kveldstid
• Fagleg påfyll gjennom målretta kompetanseutviklingstiltak
• Leiarutvikling i kommunens leiargruppe
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Hjelp til å skaffe husvére
• Gode barnehagetilbod, kulturskule og idrottslag
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Det er krav om politiattest.
QSPA – The Queen Sonja Print Award søker daglig leder
QSPA – The Queen Sonja Print Award / H.M. Dronning Sonjas kunstnerstipend